Alt vel med ektefolka
16 Jul 2011 2 kommentarar
in Bryllaup
No har dessverre ikkje brudeparet gitt ein lyd frå seg her på bloggen sidan før bryllaupet.
Men her kjem eit par bilete frå den flotte dagen vår! Vi har dessverre ikkje så mange gode bilete enda, men gledar oss til å sjå dei skikkelege bryllaupsbilda som vår fotograf Sunniva K-V. tok.
Alt var strålande, alle folka, veiret, maten, talane, fantastisk underhaldning og flotte gåver. Takk til alle som gjorde dagen så spesiell for oss. Og takk for alle kjekke gratulasjonar!
Og alle hjarte gledar seg
30 Jun 2011 Éin kommentar
in Bryllaup
No er det ikkje mange dagane igjen. Faktisk berre 2!
Vi har fått unna mykje praktisk dei siste dagane, med pynting av middagslokala på Møre Folkehøgskule, bretting av serviettar, organisering med kjøkemeistrar, pianist, prest og fotograf. Pynting av kyrkja er under arbeid, takka vere gode hjelparar.
Viktig informasjon:
Vi kjem til å feire to dagar til endes!
På søndag inviterar vi alle av gjestane som har anledning å kome, til restefest/kakelag kl. 12.00!
Adressa vert heime hjå mine foreldre; i Engesetvegen 67.
Laurdag 2 juli
- 1230: Vigsle i Ørsta Frikyrkje, med påfølgande bollar og kaffi på kyrkjetrappa
- 1430: Velkomsdrink på Møre Folkehøgskule
- 1530: Middag …
Dette vert nok det siste blogginnlegget før bryllaupet. For dei som er spente på korleis dagen vår vert, kjem vi til å legge ut info, og ikkje minst bilete etterpå!
Det nærmar seg..
19 Jun 2011 Kommenter innlegget
in Bryllaup
No er det under 2 veker att til bryllaupet!
Vi gledar oss stort! ![]()
Sidan sist har vi fått tilbake ringane våre, nypussa og inngraverte. Vi har fått ferie begge to. Vi har ikkje minst blitt tante og onkel til ei nusseleg jente i Førde! Og forlovar Alexander har arrangert utdrikningslag for Tore.
Tore og eg har vore nokre dagar saman i Bygstad, før turen gjekk vidare til Ørsta. I veka som har gått har vi fått ordna ein del praktiske saker, mellom anna å laga program og bordkort, samt ordna med bestilling av brudebukett m.m. No er det med andre ord heldigvis ikkje så mykje igjen som bør ordnast. Tore har reist tilbake til heimstaden for å vere der den komande veka, medan eg held meg på min eigen heimstad.


No er det berre å håpe på godveir og mange glade ansikt den 2 juli! Som sagt, vi gledar oss mykje!
Utdrikningslag
07 Jun 2011 Kommenter innlegget
in Bryllaup
I helga var eg i Oslo, der forlovar Andrea arrangerte ein heil dag til ære for meg. Vi hadde ein dag fullstappa med underhaldning, god mat og drikke, diverse utfordringar, leikar, musikk og avslapping med massasje/spa. Det var over 25 grader og strålande sol, så det gjorde dagen enda betre. Utruleg kjekt å kunne få vere saman med så mange fantastiske folk!
Takk til alle som gjorde dagen til ein strålande dag!
Dagen starta med at eg måtte gå med bind for augene..
Litt av gjengen samla på trikken
Tok få bilete sjølv i helga, så bileteutvalet er dessverre dårleg.
Utan ein ring
26 Mai 2011 Kommenter innlegget
in Bryllaup
Denne veka har vi levert inn ringane våre til oppussing og gravering. Dette skal ta rundt 1 veke, så vi håpar alt går etter planen.
T. var skeptisk til å gå med ring i starten. Han ville sjølvsagt ha ein forlovelsesring, men han trudde ikkje han kom til å klare å få sove med den på. På berre nokre dagar var han tilvendt, og no visste han ikkje om han klarte å ta den av igjen!
Elles er alt i rute med planlegging. Det nærmar seg snart sommarferie for begge, T. har fri frå 1 juni og eg frå 10 juni. Vi gledar oss!
Kjøpelysten?
10 Mai 2011 2 kommentarar
in Bryllaup
Tore og eg har fått mange forespørslar på kva vi ønsker oss til bryllaupet.
Det har resultert i bryllaupslister på Tilbords og Glasmagasinet, samt ei lita liste på andre ting.
Klikk på sida; Gåveliste i arkfana over/til høgre for å sjå lista.
PS: Vi er tilhengjarar av at gåvene ikkje nødvendigvis treng å pakkast inn, sidan vi kjem til å ha gåveoppakkarar og truleg ikkje kjem til å få sett gåvene før dei er pakka opp uansett. Då sparer ein både miljøet og arbeid for dei som skal opne opp!
På førehand takk så mykje! Vi er utruleg heldige som får anledning til å ønske oss ting vi ikkje har, eller oppgradere noko av det som er på tide å bytte ut for vidare etablering. Det fylgjer med nokre ekstra godar med inngåing av ekteskap
Talar og underhaldning
05 Mai 2011 Kommenter innlegget
in Bryllaup
Tore og eg håpar at bryllaupsdagen vert ein flott, og kjekk dag for oss – og ikkje minst for alle gjestane våre!
Den som kjem til å lose oss trygt gjennom middagen vil vere kjøkemeisteren Kristi, ei venninne av Sissel frå vidaregåande.
Under kaffien vil søskena våre Trond og Heidi ta over denne rolla.
Dersom nokon av dokke har program eller vil tale, bed vi om at de anten tek kontakt med oss, eller ein av kjøkemeistarane. Særleg det siste dersom noko skal vere hemmeleg for brudeparet.
Av erfaring går dagen veldig fort, og det er kanskje mange som vil seie noko. Difor minner vi dei som vil seie noko å halde seg kortfatta
Kontaktinfo (mobil)
Kristi: 48240838
Trond: 90928541
Heidi: 97156141
Dressen er i boks
09 Apr 2011 Éin kommentar
in Bryllaup
Tore har vore på handel, og no er også antrekket hans i boks. Verkeleg staseleg!
Elles ligg vi godt i rute til bryllaupet, så no håpar vi berre at flest mogleg av dei inviterte har anledning å kome. På invitasjonen har vi sett 30 april. dvs. etter påske, så vi håpar flest mogleg har bestemt seg til då. Så får vi fortsette med vidare planlegging i påskeferien.
Vil du vere min forlovar?
14 Feb 2011 5 kommentarar
in Bryllaup
Dette spørsmålet har både Tore og eg spurt, og heldigvis fått eit positivt svar frå begge to.
På ein bryllaupsblogg er det difor på sin plass å introdusere våre to forlovarar for gjestar og andre interesserte.
Tore sin forlovar er hans gode ven og tidlegare sambuar, Alexander.
Han er frå Sande, men er for tida busett i Oslo der han studerer.
Alexander framfor nye Holmenkollbakken
Sissel sin forlovar er tidlegare sambuar og gode ven, Andrea.
Ho er frå Hareid, men er også for tida busett i hovudstaden.
Begge to forlovarane våre er masterstudentar, og skal levere oppgåvene til våren. Så kva anna er betre enn å ta fatt på forlovaroppgåvene i sommar?
Overnatting og transport..
25 Jan 2011 Kommenter innlegget
in Bryllaup
Sidan nokre av dei som skal reise eit stykke til bryllapet vårt allereie har begynt å spørje ang. overnatting/reising, har vi no oppdatert dei to nye sidene på bloggen; Overnatting og Transport.
Klikk deg inn på sidene. Her finn du alt av nyttig informasjon om ulike tilbod! Håpar det kan vere til hjelp. Og viss det er noko er det berre å ringe oss, eller skrive ein kommentar her på bloggen
Vi gledar oss!









Siste kommentarar